?

Log in

LiveJournal på nynorsk

> recent entries
> calendar
> friends
> Omsetjingssiden
> profile

Wednesday, December 20th, 2006
3:04 pm - Aktivitetssjekk

spug
No er det tid for å få oversyn over kven som er aktive omsetjarar.

I denne oppføringa er det ei røysting om de er aktive i omsetjinga. Røyst "Yes" om de framleis er aktive og ikkje vil miste omsetjingsprivilegia.

Eg tykkjer de skal røyste "Yes" sjølv om de ikkje føler dykk aktive; så lenge de les denne journalen og ser denne oppføringa, er de aktive nok til at eg tykkjer de skal behalde omsetjingsprivilegia. De kan alltids omsetje ein dag de kjeder dykk.

Som vanleg vil de få litt betalt konto-tid om de røystar (uansett om de røystar "Yes" eller "No").

Fristen for å røyste er 29. desember 2006.

(3 comments | comment on this)

Saturday, July 8th, 2006
1:46 pm - Lj Translation List

jilmavi
Ja, vyrde medomsetjarar, sumaren skrid fram og de er sikkert på ferie eller festival, eller ute i sola, dei fleste av dykk. Eg vil berre trekke fram dette innlegget i lj_translate, der velvetchamber har laga ei liste over standarduttrykk som me lyt finne gode ord for, til stor hjelp for alle omsetjargruppene. (Þakka þér kærlega fyrir, Freyjan!) Då har me noko å gå ut ifrå når me skal ta til på dei mest avanserte delane av arbeidet.

Redigert for å leggje til eit par linker/lenker/lenkjer:
SmiNs medieordliste
Orðabanki íslenskrar málstöðvar <-- Ein database der du kan leite fram ord på mange språk, inkludert nynorsk. Den nynorske orddatabasen er ikkje så stor, men det skulle gå an å få ord på bokmål, svensk og dansk og ta utgangspunkt i det.
Leitarorð tyder oppslagsord, her skriv du ordet du vil ha omsett. Leitarmál er språket oppslagsordet er på, som regel engelsk (enska). Markmál er språket du vil ha omsett oppslagsordet til. Vel du "Engin takmörkun" får du treff på alle språk. Dei som er relevante for oss, er vel nýnorska, norskt bókmál, danska og sænska.

Fortsatt god sumar!

Kjersti.

(3 comments | comment on this)

Monday, April 24th, 2006
8:41 am - Våroppdatering

spug
Gode omsetjarar!

No er det tid for russ og eksamen for meg, i alle fall, og siste innspurt på skulen. Eg har difor ikkje omsett på ei lita stund, og det er det ikkje sikkert de har tid til heller. Eg vonar likevel de kan omsetje litt når de får tid. :)

Berre ein liten gjennomgang på korleis ein omsetjar, til nye omsetjarar og tilvising:

Då er det berre å lese den engelske strengen og skrive den nynorske omsetjinga i boksen under. Når de er ferdige trykkjer de på "Save" nedst på sida for å lagre endringane.

Om de støtar borti uttrykk de er usikre på kva de skal omsetje til, ikkje nøl med å spørje.

(5 comments | comment on this)

Sunday, March 12th, 2006
6:18 pm - Søknadsoppføring

nynorsk
Hei! Eg vil gjerne verte med på omsetjingsarbeidet. Eg har ikkje peiling på korleis det foregår, så det må eg vel lære ein eller annen plass.
Eg har ikkje så veldig mye tid til dette, men eg vil gjerne delta så mye som mogeleg.
Eg har eigentleg bokmål som morsmålsform, men eg bytte målform for om lag eit år sidan.
Det var vel eigentleg det.

(2 comments | comment on this)

Monday, January 16th, 2006
11:49 am - Betalte konti

spug
Brukarkontiane til alle her har fått tre månader betalt tid. Yay! (Les lj_translate.)

Eg har oppretta ei oppføring i lj_norsk her med nokre uttrykk eg lurer på. Delta gjerne i diskusjon.

Elles er vi på 11,15 % nå. Bokmålsomsetjinga er på 9,56 % (grunna oppdateringar i den engelske omsetjinga). Vi har gått forbi!

(2 comments | comment on this)

Tuesday, January 3rd, 2006
12:54 pm - lj_translate

spug
Forresten, leiaren for heile LiveJournal-omsetjinga seier at alle omsetjarar må bli medlem i lj_translate-samfunnet (eller i det minste ha det på vennelista). Berre for å halde dykk oppdaterte :)

(comment on this)

Monday, January 2nd, 2006
6:46 pm - Det er 2006!

spug
God jul og godt nytt år!

Nynorskomsetjinga er 8,62 % fullført! Det er ein god start, og mykje betre enn 1,23 % som det var for berre to veker sia. Bra arbeid, stå på. Til jamføring er bokmålsomsetjinga 11,11 %. Vi tek dei snart igjen! Eg ser også at nokon omsatte noko så seint som i går. Bra at de er aktive :)

Les: Om omsetjingsgrensesnittet.

(comment on this)

Tuesday, December 20th, 2005
10:24 pm - Retningslinjer

spug
Hei! Nå har vi allereie to omsetjarar - klauskr og jilmavi - og det treng vi; som de kan sjå av omsetjingsområdets oversyn er nynorskomsetjinga berre 1,23 % fullført :) Men det er ikkje noko press her, altså. Vi tar det i vårt eige tempo. Alt eg vil ha er framsteg; om 100 % aldri nås, eller ligg ti år fram i tid, så spelar det inga rolle.

Omsetjarane kan berre setje i gang med å omsetje ved å gå til omsetjingsområdet. Det er nokså enkelt å finne ut av korleis den verkar, men viss nokon har problem er det berre å spørje.

Nokre omgrep må vi finne standarder for. Det er viktig at vi er konsekvente med omgrepa våre. Er de i tvil om kva eit omgrep skal omsetjas til, sjekk fyrst bokmålsomsetjingsområdet for å sjå om det er brukt eit omgrep der som vi kan bruke/omsetje til nynorsk. I så fall, lag ei oppføring her i dette samfunnet om kva de bruker, så andre kan bruke det samme. Eg vil at bokmåls- og nynorskomsetjingane skal vere så like som mogleg. Har ikkje bokmålsomsetjinga omsett omgrepet, lag ei oppføring her der de spør kva det skal/bør omsetjast til, eventuelt med forslag, eller berre omset det og lag ei oppføring der de skriv kva de bruker.

Eg anbefaler dykk å leggje lj_norsk til vennelistene, ettersom mye interessant kjem opp der, og sidan den på eit vis definerer mange av våre retningslinjer.

Ellers treng vi å finne nokre retningslinjer for kva for nynorsk vi skal skrive. Saman med klauskr har eg formulert følgande reglar (han gjorde alt arbeidet, knis):
  • -e-ending skal brukast i kløyvd infinitiv. Ikkje -a.
  • an-, be-, -heit og -else-ord (såkalla "anbehetelse"-ord) skal helst unngås. Leit fyrst etter betre alternativ eller synonym.
Har de meir å tilføye, kommentere eller kva som helst, sei i frå.

(20 comments | comment on this)

8:06 pm - Ny leiar

spug
Heisann! Eg er Tobias, den nye leiaren for nynorskomsetjinga av LiveJournal. Eg skal forsøkje å få litt liv her.

Sjølv om eg er leiar for nynorskomsetjinga, går rundt med "Slepp nynorsken til!"-jakkemerke på baggen min og er medlem i Noregs Mållag, er nynorsk faktisk ikkje mitt hovudmål; eg berre liker det. Eg føler likevel at eg har ganske godt tak på nynorsken min (peik gjerne ut feil i denne oppføringa :), men eg kjem neppe til å klare å omsetje heile LiveJournal til nynorsk åleine... Det er der de kjem inn. Dersom nokon som les dette samfunnet trur dei kan bidra med noko i denne samanhengen, som til dømes omsetjing eller korrekturlesing (eg vil i stor grad basere nynorskomsetjinga på bokmålomsetjinga, der eg også er omsetjar), kommentér her eller send ein e-post til spug@livejournal.com. Eg deler gjerne ut nynorskprivilegia til dei som måtte ynskje det.

(2 comments | comment on this)


> top of page
LiveJournal.com