avur (jilmavi) wrote in lj_nynorsk,
avur
jilmavi
lj_nynorsk

  • Music:

Lj Translation List

Ja, vyrde medomsetjarar, sumaren skrid fram og de er sikkert på ferie eller festival, eller ute i sola, dei fleste av dykk. Eg vil berre trekke fram dette innlegget i lj_translate, der velvetchamber har laga ei liste over standarduttrykk som me lyt finne gode ord for, til stor hjelp for alle omsetjargruppene. (Þakka þér kærlega fyrir, Freyjan!) Då har me noko å gå ut ifrå når me skal ta til på dei mest avanserte delane av arbeidet.

Redigert for å leggje til eit par linker/lenker/lenkjer:
SmiNs medieordliste
Orðabanki íslenskrar málstöðvar <-- Ein database der du kan leite fram ord på mange språk, inkludert nynorsk. Den nynorske orddatabasen er ikkje så stor, men det skulle gå an å få ord på bokmål, svensk og dansk og ta utgangspunkt i det.
Leitarorð tyder oppslagsord, her skriv du ordet du vil ha omsett. Leitarmál er språket oppslagsordet er på, som regel engelsk (enska). Markmál er språket du vil ha omsett oppslagsordet til. Vel du "Engin takmörkun" får du treff på alle språk. Dei som er relevante for oss, er vel nýnorska, norskt bókmál, danska og sænska.

Fortsatt god sumar!

Kjersti.
  • Post a new comment

    Error

    Anonymous comments are disabled in this journal

    default userpic

    Your IP address will be recorded 

  • 3 comments