Spug (spug) wrote in lj_nynorsk,
Spug
spug
lj_nynorsk

  • Music:

Ny leiar

Heisann! Eg er Tobias, den nye leiaren for nynorskomsetjinga av LiveJournal. Eg skal forsøkje å få litt liv her.

Sjølv om eg er leiar for nynorskomsetjinga, går rundt med "Slepp nynorsken til!"-jakkemerke på baggen min og er medlem i Noregs Mållag, er nynorsk faktisk ikkje mitt hovudmål; eg berre liker det. Eg føler likevel at eg har ganske godt tak på nynorsken min (peik gjerne ut feil i denne oppføringa :), men eg kjem neppe til å klare å omsetje heile LiveJournal til nynorsk åleine... Det er der de kjem inn. Dersom nokon som les dette samfunnet trur dei kan bidra med noko i denne samanhengen, som til dømes omsetjing eller korrekturlesing (eg vil i stor grad basere nynorskomsetjinga på bokmålomsetjinga, der eg også er omsetjar), kommentér her eller send ein e-post til spug@livejournal.com. Eg deler gjerne ut nynorskprivilegia til dei som måtte ynskje det.
  • Post a new comment

    Error

    Anonymous comments are disabled in this journal

    default userpic

    Your IP address will be recorded 

  • 2 comments
Endeleg! Eg vil gjerne vera med og omsetja og lesa korrektur. Eg har Ivar Aasen-ikon! ;) Hehe, neidå, eg er medlem i målungdommen og liker å læra ulike språk. Skal tru om det vert liv i lj_nynorsk etterkvart?

(Haha, eg vart heilt forvirra, eg kunne nemlig ikkje fatte kvifor det var eit innlegg på nynorsk på vennesida mi!)
Bra, ein omsetjar med Ivar Aasen-ikon! Akkurat det vi treng :D

Eg har gitt deg omsetjarprivilegia. Du kan eigenleg berre gå i gang med å omsetje viss du vil; det er berre å gå til omsetjingsområdet og setje i gang.

Eg skal skrive ei oppføring seinare der vi kan diskutere standardar for diverse omgrep, og liknande. Inntil då kan du berre titte litt rundt, bli kjend med systemet og omsetje det du føler at du kan ta.

Takk skal du ha!