Spug (spug) wrote in lj_nynorsk,
Spug
spug
lj_nynorsk

  • Music:

Ny leiar

Heisann! Eg er Tobias, den nye leiaren for nynorskomsetjinga av LiveJournal. Eg skal forsøkje å få litt liv her.

Sjølv om eg er leiar for nynorskomsetjinga, går rundt med "Slepp nynorsken til!"-jakkemerke på baggen min og er medlem i Noregs Mållag, er nynorsk faktisk ikkje mitt hovudmål; eg berre liker det. Eg føler likevel at eg har ganske godt tak på nynorsken min (peik gjerne ut feil i denne oppføringa :), men eg kjem neppe til å klare å omsetje heile LiveJournal til nynorsk åleine... Det er der de kjem inn. Dersom nokon som les dette samfunnet trur dei kan bidra med noko i denne samanhengen, som til dømes omsetjing eller korrekturlesing (eg vil i stor grad basere nynorskomsetjinga på bokmålomsetjinga, der eg også er omsetjar), kommentér her eller send ein e-post til spug@livejournal.com. Eg deler gjerne ut nynorskprivilegia til dei som måtte ynskje det.
Subscribe
  • Post a new comment

    Error

    Anonymous comments are disabled in this journal

    default userpic

    Your IP address will be recorded 

  • 2 comments