Spug (spug) wrote in lj_nynorsk,
Spug
spug
lj_nynorsk

Retningslinjer

Hei! Nå har vi allereie to omsetjarar - klauskr og jilmavi - og det treng vi; som de kan sjå av omsetjingsområdets oversyn er nynorskomsetjinga berre 1,23 % fullført :) Men det er ikkje noko press her, altså. Vi tar det i vårt eige tempo. Alt eg vil ha er framsteg; om 100 % aldri nås, eller ligg ti år fram i tid, så spelar det inga rolle.

Omsetjarane kan berre setje i gang med å omsetje ved å gå til omsetjingsområdet. Det er nokså enkelt å finne ut av korleis den verkar, men viss nokon har problem er det berre å spørje.

Nokre omgrep må vi finne standarder for. Det er viktig at vi er konsekvente med omgrepa våre. Er de i tvil om kva eit omgrep skal omsetjas til, sjekk fyrst bokmålsomsetjingsområdet for å sjå om det er brukt eit omgrep der som vi kan bruke/omsetje til nynorsk. I så fall, lag ei oppføring her i dette samfunnet om kva de bruker, så andre kan bruke det samme. Eg vil at bokmåls- og nynorskomsetjingane skal vere så like som mogleg. Har ikkje bokmålsomsetjinga omsett omgrepet, lag ei oppføring her der de spør kva det skal/bør omsetjast til, eventuelt med forslag, eller berre omset det og lag ei oppføring der de skriv kva de bruker.

Eg anbefaler dykk å leggje lj_norsk til vennelistene, ettersom mye interessant kjem opp der, og sidan den på eit vis definerer mange av våre retningslinjer.

Ellers treng vi å finne nokre retningslinjer for kva for nynorsk vi skal skrive. Saman med klauskr har eg formulert følgande reglar (han gjorde alt arbeidet, knis):
  • -e-ending skal brukast i kløyvd infinitiv. Ikkje -a.
  • an-, be-, -heit og -else-ord (såkalla "anbehetelse"-ord) skal helst unngås. Leit fyrst etter betre alternativ eller synonym.
Har de meir å tilføye, kommentere eller kva som helst, sei i frå.
Subscribe
  • Post a new comment

    Error

    Anonymous comments are disabled in this journal

    default userpic

    Your IP address will be recorded 

  • 20 comments